Kvam
er ein god kommune å bu i for dei fleste av oss, men mykje
kan verta betre og utfordringane er mange. Siste tiåret har
kommunen teke eit kjempelyft med investeringar i pleie- og omsorg,
skule og idrett. Dette har ført til stor lånegjeld
og avgrensa handlefridom i komande periode. Kvam Arbeidarparti vil
prioritera eit samfunn der alle skal med, og at dei som treng hjelp
får det.
Folketalet er stabilt. Samstundes aukar gruppa eldre. Kvam Arbeidarparti
vil stimulera til fleire innbyggjarar ved å gjera kommunen
attraktiv for unge menneske. God infrastruktur er eit viktig verkemiddel.
Kvam AP vil leggja til rette for nyetableringar og for utvikling
av eksisterande verksemder og sikra gode bumiljø.
Kvam AP vil arbeida for:
-
opparbeiding av regulerte næringsareal
-
tilgjengelege og attraktive bustadtomter
-
reel full barnehagedekning
-
rimelege førstegongsbustader for ungdom
- å
sikra ein trygg alderdom
-
regionalt kulturhus
-
betre kommunikasjonar
I dette programmet kan du lesa meir om kva me vil arbeida for
i perioden 2011-2015. Me kan ikkje lova at alt kan gjennomførast,
jamvel om Kvam Arbeidarparti vinn valet. Men me vil arbeida
hardt for sakene våre, for å styrkja fellesskapet
og for å gjera kommunen betre. Me ynskjer og å vera
med og skapa eit godt politisk samarbeidsklima i den komande
perioden.
Dersom du er samd i mykje av dette, ber me om
di røyst på valdagen.
Ein god oppvekst og skule for alle.
Kvam Arbeidarparti har som mål å få
fleire barnefamiliar til å busetja seg i Kvam
Arbeidarpartiet vil ha ein god offentleg fellesskule med ein aktiv
skulepolitikk som gjev faglege utfordringar til alle elevar på
ulike nivå. Ei praktisk og engasjerande undervisning for
elevane kan redusere fråfall på deira veg til gjennomført
utdanning. I kunnskapssamfunnet skal alle vera med.
Det er og viktig at det i skulen vert drive aktivt og målretta
arbeid for å hindra mobbing.
- Kvam
AP vil:
-
at elevgruppene i småskulen (1-4 kl) uavhengig av klassesamansetjing
ikkje skal overstiga 15 elevar i basisfaga norsk, matematikk
og engelsk
-
at alle elevar i Kvam må sikrast gode nok bassengtilhøve
– slik at måla om symjedugleik i Kunnskapsløftet
vert nådde.
-
sikra god rådgjevningskompetansen grunnskulen
-
gje lærar og elev tilgang til ny og relevant programvare
og oppdatera kunnskapen om IKT.
-
styrkja kompetansen til lærarar og barnehagetilsette gjennom
etterutdanning
-
leggja til rette for god drift og varierte aktivitetsnivå
i og rundt skulane slik at dei kan brukast til ulike aktivitetar
utanom skuletid.
-
i samband med ombygging av Norheimsund barneskule skal det realiserast
symjebasseng.
-
sikra reell full barnehagedekning i alle krinsane. Spesiell
fokus på Tørvikbygd og Ålvik.
Arbeid og næring
Kvam Ap vil arbeida for betring av infrastrukturen og opparbeida
ferdig regulerte næringsareal. Arbeid er grunnlag for all
velferd, me må skapa for å kunna dela. Det er eit
variert og allsidig næringsliv i Kvam. Mange bedrifter går
svært bra og medverkar til at det er stor aktivitet i heradet.
Utfordringane for hjørnesteinsverksemdene Bjølvefossen
og Fjellstrand er likevel store. Kvam Ap skal vera ein aktiv medspelar
og tilretteleggjar for næringslivet . Kvam Arbeidarparti
vil gå i front for at Kvam herad skal ha ei effektiv og
forutseibar sakshandsaming. Det er viktig med god kunnskap om
næringslivet sine behov.
Kvam Ap vil:
• styrkja rettleiingstenesta for småskalanæring
og nyetablerarar
• tilretteleggja ferdigregulerte næringsareal på
Sandven/Mo og i Bakkamarka
• leggja til rette for at næringslivet deltek i politiske
prosessar og planarbeid.
• laga plass for både akvakultur og villaks i Hardangerfjorden.
• synleggjera og stimulera eit natur - og kulturbasert reiseliv
• opna for utvida kommersiell drift av dei flotte idrettsanlegga
våre.
• arbeida for utvikling av næringsareal i Steinsdalen,
Sandvendalen, Laupsadalen og på Kåskjær
• at all industri i Ålvik skal samlast i eit næringsområde.
• sikra eigarskapet i Kvam Kraftverk. Dette gjev heradet
langsiktige og stabile inntekter.
• At Kvam herad skal delta i turistprosjetet ved Steinsdalsfossen
Ein trygg alderdom.
Vårt mål med helse- og omsorgstenestene er at alle
skal få den hjelpa dei treng når dei treng ho.
Samhandlingsreforma skal styrkja kommunane si rolle når
det gjeld førebygging og oppfylgjing av pasientar som ikkje
treng sjukehus. Slik skal pasientane få eit betre behandlingstilbod
nærare der dei bur. Det er viktig å få oppretta
det planlagde distriktsmedisinske senteret ved Toloheimen. Kvam
herad har gjort store satsingar innan pleie- og omsorg dei siste
åra, og ein har eit betre tilbod enn mange av kommunane
det er naturleg å samanlikna seg med. Kvam arbeidarparti
vil arbeida for å oppretthalda den gode kvaliteten på
tenestetilbodet.
Eldre – ein viktig ressurs.
Kvam herad må finna løysningar tilpassa den einskilde
slik at arbeidstakarar over 60 år kan stå lenger i
stillingane sine
Kvam Ap vil:
• gje valfridom i høve til buform/tenestetilbod
• oppretthalda kvaliteten på tenestetilbodet
• sikra grunnbemanninga.
• at medarbeidarar som jobbar deltid og ynskjer auka stillingsgrad
skal prioriterast.
• leggja til rette for vidare- og etterutdanning av medarbeidarar
innan helse og omsorg
• at eldre som mottek heimetenester, kan ha faste heimehjelper
• at Kvam herad som arbeidsgjevar må leggja meir til
rette for at eldre arbeidstakarar vert ståande i stillingane
sine
• sikra nok heildøgers omsorgsplassar
• Kvam Ap vil rusta opp Strandebarmsheimen
Helse
og samfunn
Kvam ap vil satse på samhandlingsreforma slik at Kvam vert
eit naturleg samlingspunkt for Hardangekommunane for mange typar
helsetenester. Å sikra alle lik tilgang til gode helsetenester
er Arbeidarpartiet sitt hovudmål i helsepolitikken.
Kvam Arbeidarparti vil i neste kommunestyreperiode styrkja førebyggjande
arbeid blant barn og ungdom, og spesielt for aldersgruppa 12-18
år.
Bruk av rusmidlar blant ungdom i Kvam er noko ein må ha
fokus på. Dette for å motverka uheldig utvikling innan
valdsbruken og kriminaliteten i heradet.
Samanhengen mellom førebygging og ettervern må koma
klart fram.
Folkehelsearbeid
må styrkjast. Me må ha fokus på å leggja
til rette for å auka livskvalitet og for at kvar einskild
tek sjølvstendig ansvar for eiga helse og livssituasjon.
Kvam
Ap vil:
-
arbeida for å få gjennomført opprettinga
av eit distriktsmedisinsk senter ved Toloheimen snarast.
-
satsa på helsestasjonar, skulehelseteneste og pedagogisk-psykologiske
tenester (PPT).
-
at born og unge med åtferdsproblem og psykiske lidingar
vert fanga opp tidleg og gjeve eit godt behandlingstilbod.
-
gå inn for ein restriktiv skjenkepolitikk
-
at rusomsorga vert følgt opp med handlingsplanar for
førebygging, behandling og rehabilitering av rusavhengige,
noko som betyr at ein må sikra både offentlege og
private behandlingsplassar for rusmisbrukarar.
-
vil innføra strakskurs i norskopplæring for framandspråklege
før dei tek til i skule og arbeid.
-
auka kompetansen til barnevernet om familiar og barn med fleirkulturell
bakgrunn.
-
medverka til at helse- og legetenester kan oppretthaldast i
Strandebarm.
Kultur og miljø
Kvam er ein kulturkommune med eit yrande kultur- og idrettsmiljø,
med ei oppkome av stemne og festivalar. Eit godt kultur- og fritidstilbod
er viktig for innbyggjarane i Kvam og ein magnet for å få
nye innbyggjarar til kommunen .
Heradet
må tilretteleggja for aktivitetar og arenaer som stimulerer
til vidare vekst innan kultursektoren. Dette vil føra til
vekst for kommunen, både økonomisk, menneskeleg og
kulturelt. Me må profilera kunstnarane våre Jon Fosse,
Geirr Tveitt, Ingebrigt Vik, Hans E. Kinck m.fl.
Kommunen
har sidan 1994 utarbeidd planar for regionalt kulturhus og prosjektet
er prioritert av fylket. Hardinghuset vert ein arena for mange
ulike aktivitetar, ein møtestad der alle vil føla
seg heime. Dette er eit viktig identitetskapande prosjekt for
Kvam.
Kvam
Arbeidarparti vil at kommunen skal vera ein miljøbevisst
organisasjon som arbeider for å redusera miljøbelastningane.
Nokre stikkord her er: Miljøvenlege innkjøp, redusert
og miljørett energibruk, minst mogeleg avfall og mest mogeleg
gjenbruk.
Kyrkja
har ein viktig plass i Kvam, både som religiøs og
kulturell institusjon. Arbeidarpartiet vil at me skal ha ei open
og inkluderande folkekyrkje, samt sikra godt vedlikehald av kyrkjene.
Kultur
Kvam
Ap vil:
• arbeida for at Kvam Herad prioterar byggestart på
regionalt kulturhus med rom for kino, folkebibliotek, ungdomslokale,
øvingslokale for teater, musikk og dans, storsal m.m.
• tilretteleggja for oppstart av Hardanger Kunstskule
• støtta frivillig kulturarbeid
• oppretthalda og vidareutvikla det gode tilbodet i musikk-
og kulturskulen
• synleggjering av heradet sine ”kulturskattar”.
• stimulera til etablering av kulturløyper og turstiar
som viser Kvam sin eigenart og opplevingssstader
• tilretteleggja for felles fleirkulturelle møteplassar
som medverkar til at innvandrarar som bur i heradet aktivt tek
del i det lokale kulturlivet
• at skogsbilvegar skal vera opne for allmenn ferdsel –
mot avgift
• ta vare på og stø drift av dei mange lagshusa
me har i heradet
• støtta opprusting av Sjusete Skisenter til ein
moderne ski og skiskytararena.
• leggja til rette for at eit «Jon Fosse hus»
kan koma.
Miljø
•
Syta for at Kvam herad set seg klimamål med fokus på
å oppnå klimanøytral drift
• Arbeida for eit utbyggingsmønster som reduserer
trongen for transport
• Arbeida for berekraftig utvikling i samsvar med målsetjingane
i kommuneplanen
• Arbeida for at 420kV-lina gjennom Hardanger vert bygd
på den mest skånsome måten for Kvam
• Sikra at alle offentlege bygg som vert bygde eller rehabiliterte
også vert gode ENØK – prosjekt.
• Skytebanen skal vekk frå Tolomarka snarast.
Samferdsle
og kommunikasjon
Kvam og Bergen er stadig meir ein del av same arbeidsregionen.
Det er viktig å leggja til rette for at fleire kan bu i
Kvam om dei arbeider eller studerer i Bergen. Arbeidet med å
få til Hardangertunnelen må halda fram.
Kvammapakken
er iverksett og i programperioden vil mange viktige lokale trafikktryggleikstiltak
verta gjennomførte.
Me må ha eit vegnett i Kvam som gjev innbyggjarane og næringslivet
ein tilfredsstillande standard .
Det
vert arbeidd med høgfartstog- prosjekt mellom Oslo og Bergen
som går gjennom Kvam. Kvam Arbeidarparti ser positivt på
prosjektet.
Kvam Ap vil:
• arbeida for å realisera planen for Fv 49 Kolltveit
– Tørvikbygd
• Arbeida for å betra ferjesambandet Tørvikvbygd
- Jondal med fleire seine ruteavgangar
• arbeida for utvikling av kollektivtilbodet mellom Kvam
og Bergen.
• Arbeida for tunnel under Kvamskogen - Hardangertunnelen
• Ha fokus på FV. 7 og FV 49 – arbeida for tofelts
veg
• arbeida for tunnelprosjekt mellom Øystese og Fyksesund
• Arbeida for gang- og sykkelveg langs fylkesvegen på
strekkjene Fosse – Bakka og
Vikedal - Skjæret og Tørvikbygd skule - Dragsbrua
• Utarbeida framdriftsplan for utbetring av kommunale vegar
• arbeida for ny fylkesveg mot Tolomarka og Sjusete med
utgangspunkt i frå Skipadalsområdet
• Utbetra brua over elva ved Folkets Hus samt betra trafikale
forhold på Haugenjordet i Ålvik.
• Kvam Ap vil arbeida for tunnel bak Norheimsund sentrum.
• Arbeida for å betra fibernettet i Kvam.
Planarbeid,
bustadbygging, fornying av kommunen og kommunen som arbeidsplass
Kvam Arbeidarparti ynskjer ein sterk og effektiv kommune som skal
gje innbyggjarane gode tenester. Folk skal fyrst og fremst vera
deltakande innbyggjarar - ikkje brukarar eller klientar.
Einskildmennesket
sine behov skal stå i sentrum både når det gjeld
innhald og organisering av velferdstilboda. Me vil gje innbyggjarane
i kommunen god kvalitet på tenestetilboda.
Omstilling
og fornying av kommunen vert mest vellukka dersom dei tilsette
er aktive medspelarar. Kvam Arbeidarparti vil difor at all omstilling
skjer i nært samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar.
Det
er viktig at det politiske ansvaret i Kvam vert tydlegare, og
at den folkevalde styringa av kommunen vert styrka. Befolkninga
må alltid ha høve til å stilla folkevalde til
ansvar for avgjerder og forvaltning av offentlege midlar og sørvisytingar.
Openheit i kommunen er ein føresetnad for dette. Kvam Arbeiderparti
vil sjå til at det er dei folkevalde som tek dei viktigaste
avgjerdene i kommunen, og at desse ikkje vert delegert til administrasjonen.
Kvam Ap vil:
• redusera bruken av ufrivillig deltidsarbeid, prioritera
meir heile stillingar og sikra deltaking i offentlege pensjonsordningar.
• seia nei til privatisering og konkurranseutsetjing av
grunnleggjande velferdstenester
• motivera kvinner til å påta seg toppleiarstillingar
i kommunen
• ha ei god planavdelinga som er servicevenleg. Det beste
næringsverktøyet ein kommune kan ha er ei effektiv
planavdeling.
• Kvam herad skal vera ein løysningsorientert kommune
• Kommuneplanar må reviderast kontinuerleg.
• Ha ein moderat eigedomsskatt på same nivå
som i dag
• Stimulera til og setja i gang program for bygging av låginnskotsbustader.
• Informera og marknadsføra START-lån for ungdom,
slik at det vert lettare å kjøpa eigen bustad –
me vil oppdatera Bustadpolitisk handlingsplan
• vil vera positve til utvikling av nye og endra planar
på Kvamskogen
• utarbeida ein eigen plan for ein meir miljøvenleg
og berekraftig utvikling for akvakulturnæringa.
• utarbeida ein berekraftig tettstad- og senterstruktur
for heile kommunen og styrkja Norheimsund som regionsenter.
• arbeida for tilrettelegging av sentrumsnære bustadtomter
i heradet
• Fylgja opp tettstadplanen for Ålvik.
• støtta veg til Bjølsegrøvatn
• vil arbeida for å få ferdigstilt Strandvegen
frå kulturhustomta til Hardanger Fartøyvernsenter.
• Styrka samarbeidet med nabokommunane våre. Og drøfte
saker der alle partar kan effektivisere tenester utan at servicgraden
vert svekka, eventeuelt komunesamanslåing kan og diskuterast.
• Ta på alvor og visa respekt for innbyggjarinitiativ
som kjem til behandling i heradsstyret
|